Fyrste festivaldag

Foto: Runa Andersen / Vossa Jazz

Tilbakeblikk til festivalfredagen

Det var ei dirrande stemning dei fyrste timane før Vossa Jazz for alvor vart sparka i gang, moglegvis ekstra spennande denne gongen, med ny festivalsjef og ein flunkande ny administrasjon! Tradisjonen tru vart dei reisande austanfrå servert eit festivalførespel på Bergensbanen, og denne gongen var det Jacob Young som stod for oppvarmingstonane.

På Voss var det duka for Kulturkonferansen frå tidleg morgon, og føremiddagen var elles krydra med ein behageleg start med Room Service i Gamlekinoen, festivalpodcast med Jan Granlie og Lars Mossefin, og opning av kunstutstilling med årets festivalkunstnar, – den mangetalenta Axel Vindenes. 

Den rykande ferske festivalsjefen Roger Urhaug introduserte sin fyrste konsert i Sparebanken med Jacob Young trio, og sidan gjekk det slag i slag med opningskonsert og program. 

Olaug Nilssen byrja det heile med ei sterk tale i Vossasalen, før festivalsjefen og Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery innleia det nystifta bandet Inazuma, som på sporty vis stilte opp på kort varsel då det opphavlege opningsartisten ikkje kunne kome. Her vart det både svevande og akustisk, impulsivt og elektronisk, – ei sanseopnande oppleving og verdig opning. 

Vidare vart det vare og leikande tonar med Seim & Haltli i ei stemningsfull Vangskyrkje, Amanda Bergman fylte Gamlekinoen med nydeleg jazz som bergtok publikum, Eirik Hegdal Eklektisk samband leika seg i Jazzklubben, og Alo Vera leverte lidenskapeleg og stemningsfulle tonar i Ungdomshallen. Erlend Apneseth Ensemble spelte til ein fullsett, begeistra kinosal, det var jazzklubb med Lotus, jazz-pop kombo med Riversun. 

Eit av mange høgdepunkt denne fyrste festivaldagen, var Real Ones i Vossasalen. Her kjenner vossingane seg heime, det vart både dansa og sunge med gjennom kvelden. Og dei sumarlege tonane skapte ei magisk stemning, før dj-ane tok over og heldt det gåande inn i dei seine nattetimar. For ein dag vi har fått oppleve! 

Voss strålar som vanleg litt ekstra, uavhengig av vêret, desse festivaldagane, og nyt merksemda frå alle som har teke turen både utanbygds- og utanlandsfrå. Fredagen leverte til dei grader, og me kan knapt vente med alle freistingane laurdagsprogrammet ser ut til å by på.

Foto: Kenneth Kleppe / Vossa Jazz

Del gjerne!