Bergen Big Band vart skipa i 1991, og har som målsetjing å vera blant dei viktigaste og beste storbanda, både nasjonalt og internasjonalt. Tidlegare har dei samarbeidd med store stjerner som Diana Krall, Terje Rypdal, Andy Sheppard, Marius Neset og mange fleire. BBB er ein pådrivar for nyskapande musikk, og har teke initiativ til ei rekkje nykomponerte verk dei siste 30 åra. Dei har vitja Vossa Jazz ei rekkje gonger før, og i år hadde dei med seg Vanessa Perica, ein premiert komponist, arrangør og bandleiar basert i Melbourne, Australia.
Som eit av dei store namna på denne sesongen med Vossajazz, var konserten søndags ettermiddag noko mange hadde sett fram til. Det er noko fint med å kunne lene seg tilbake i setet sitt i kinosalen mot slutten av festivalen og vite at det endå ikkje er heilt over. Og for eit syn dei er på scena, Bergen Big Band, kledd i finstasen, med lysglimt frå skinande messingblåsarar, og dei vakre linjene i både flygel og kontrabass. Med så mykje kraft i samspelet, vert dei rolege partia ekstra vare og sterke. Og nettopp variasjonane i tempo og intensitet er styrken i konserten me får servert i kinosalen denne søndagen.
Vanessa Perica har ei utstråling og ein energi som får det til å gneistre på scena, og som tek oss frå stykke som “Song for Cleo” som får det til å rykke i både føter og hender, og med soloar som gjer at det fleire gongar går eit sus gjennom publikum, til “Meet me at Phoenix Street”, der ein skiftar tempo til det rolegare og meir lågmælte. Sistnemnde har eit nydeleg pianospel, og parti på saksofon med potensiale til å gi deg frysningar, særleg på ein litt metta og sliten søndag i eit mjukt sete i gamlekinoen, der tonane treff deg rett i solar plexus. Vidare skiftar dei tempo igjen, og tek oss med opp i høgdene. Alle får kome til sin rett i løpet av konserten denne ettermiddagen, no trompetar og tromboner, og vidare utover får også trommene vist kva dei er gode til.
Det er verkeleg ein fryd å få vera publikum på Bergen Big Band og Vanessa Perica, dei viser oss eit breitt spekter innanfor sin sjanger, og har samstundes ein slik utstråling og energi på scena at både øyrer og auger gler seg og kan nyte fullkomne sanseinntrykk heilt til det siste på årets Vossa Jazz. Me takkar for opplevinga, og gler oss til å sjå kva som kjem frå både Perica og BBB i tida framover.