Badnajazzparaden er tilbake!

Me er glade for å fortelje at Vossa Jazz tek ein av dei stoltaste og mest gledelege tradisjonane inn att i festivalen.

Årets parade startar frå Aktivitetsparken på Prestegardslandet klokka 11:00 og går til Scandic Hotell.

Fremst går Andreas, Lars Andreas, Benedikte og Henrik frå Plutselig Barneteater, og dei er klare for å lage liv og røre i gatene på Voss. Om du vil kle deg ut eller ta på deg ein artig hatt vert me veldig glade! Og om du har noko heime i sakene dine som kan laga ein artig lyd i paraden kan du ta det med!

Du treng ikkje kunne noko rop på førehand, det improviserer vi saman med Andreas, Lars Andreas, Benedikte og Henrik, i god jazz-ånd. Alle born må vere i fylgje med vaksne, men alle er hjarteleg velkomne.

Paradegeneralar: Andreas Cappelen, Lars Andreas Aspesæter, Benedikte Kruse, Henrik Horge

Foto: Jarle Nyttingnes