Personvernerklæring Vossa Jazz
Her kan du lesa om korleis Vossa Jazz samlar inn, tar vare på og brukar personopplysningar. Vossa Jazz rettar seg etter dei til ei kvar tid gjeldande reglar når det gjeld personopplysningar.
Behandlingsansvarleg
Behandlingsansvarleg, representert ved dagleg leiar, er ansvarleg for behandling av personopplysningar hjå Vossa Jazz.
Kontaktopplysingar:
Vossa Jazz
Vangsgata 6
5700 Voss
Tlf. 56 52 99 11
E-post: post(at)vossajazz.no
Kjøp av billettar
TicketCo er Vossa Jazz sin tenesteleverandør på billettsal til konsertar og andre tilskipingar i regi av Vossa Jazz. Eigen avtale om personvern gjeld mellom billettkjøpar og TicketCo. Sjå her for denne avtalen.
Vossa Jazz har høve til å få utlevert personopplysningar som namn, e-postadresse og telefonnummer som dei som er registrerte som billettkjøparar har oppgjeve til TicketCo. Dette må me ha tilgang til for å kunna sende viktig informasjon om tilskipingar, ved t.d. endring i konserttid.
Elektronisk nyheitsbrev
Vossa Jazz, v/behandlingsansvarleg, sender nyheitsbrev med marknadsføringsinnhald til gjester som har gitt samtykke til dette. Det gjer du ved å melde deg på nyheitsbrev på vossajazz.no, ved billettkjøp hjå TicketCo eller ved å be om å få tilsendt program eller speleplan elektronisk. Du kan avslutte tenesta nyheitsbrev kor tid som helst ved å trykke lenka «Du kan melde deg av epostlista vår her» som står nedst i alle nyheitsbrev, eller ved å ta kontakt med Vossa Jazz direkte.
Besøk på heimesida
Det er frivillig for dei som besøker heimesida vår å gje oss personopplysningar i samband med tenester som t.d. å få tilsendt nyheitsbrev.
Opplysningar som vert samla inn i samband med drift av heimesida vert lagra på eigen server som vert drifta av leverandøren vår. Det er berre Vossa Jazz og underleverandør som har tilgang til opplysningane som vert samla inn. Du finn meir informasjon om personvern og personvernrelaterte saker hjå datatilsynet.no.
Informasjonskapslar og nettstatistikk
Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som vert plassert på datamaskina di når du lastar ned ei nettside. Cookies er knytt til IP-adressa di og ikkje til personlege opplysningar. Vossa Jazz kan ikkje spore besøk på vossajazz.no tilbake til deg som enkeltperson.
Vossa Jazz kan ved hjelp av cookies samla inn anonymiserte opplysningar om besøkande på vossajazz.no. Dette gjer me for å kunna hugsa val du har gjort på heimesida. Då kan me gjera sida meir brukarvenleg, forstå korleis besøkande nyttar tenestene våre og korleis me basert på dette kan forbetra brukaropplevinga og vidareutvikla informasjonstilbodet på heimesida vår. Eksempel på kva statistikken gir svar på, er kor mange som besøker heimesida, kva sider som vert besøkte, kva nettside ein kjem frå og kva nettlesar ein brukar. Dette gjer at seinare besøk på heimesida kan gå raskare og meir tilpassa den besøkande.
Verktøyet som vert nytta til dette arbeidet er Google Analytics. Les meir om Google Analytics her.
Les gjerne meir om korleis du administrerer informasjonskapslar på nettvett.no.
Ved å bruka vossajazz.no godtar du at me nyttar informasjonskapslar som nemnt ovanfor.
Innsyn, endring og sletting av informasjon
Du har rett til å få opplyst kva personopplysningar me har registrert om deg. Dersom desse er feil, ufullstendige eller ikkje relevante kan du krevja at dei vert retta eller sletta i samsvar med gjeldande lov. Ta i så fall kontakt på post(at)vossajazz.no. Dersom nødvending vil me be deg om å legga fram legitimasjon eller annan informasjon som stadfestar identiteten din før endringar eller sletting kan gjennomførast.