
Det er ei stor ære for meg å vere her å halde opningstalen for Vossa Jazz! I programmet står det at eg er festivaldiktar, det føles som ei anerkjenning av både meg og av mi kunstform på ein festival for utøvande musikarar.
Rett nok må eg innrømme at eg dei siste månadane har kjent på ein viss mistillit til mi eiga kunstform. Og ikkje berre det, eg kjenner mistillit til alle kunstformer. Kvifor har ikkje verdas kulturutøvarar og intellektuelle klart å redde verda frå krig og fascisme? Eg merkar når eg seier det høgt at det høyres naivt ut, og så naiv er eg trass alt ikkje, men før var eg jo overtydd om at kunst er viktig! Eg har vore overtydd om at kunsten har vore med på å utvikle verda til ein betre stad for alle. Vi lærer ikkje berre av historia, men også av den subtile, saktearbeidande refleksjonen som finst i poesi, i biletkunst, i musikk, med eller utan tekst. Men kvifor er det då ikkje lenger slik at undertrykking og maktmisbruk er noko vi alle kjempar mot? Kvifor er det så mange som går med på undertrykking og maktmisbruk? Kvifor har fascistane vunne?
Nei, eg har ikkje trudd at kunsten åleine skulle redde verda. Men eg har trudd på kunsten, eg har trudd at kunsten gjer oss alle betre, ikkje berre som eit frirom frå kvardagens plikter og rutiner, men også som ein stad der perspektiva utvidar seg og innsiktene kjem som frigjerande epifaniar. Utviklinga i verda dei siste åra, har fått meg til å tvile. Kva er vitsen med at eg sit og skriv, sit og strevar med å få romanane mine til å henge i hop? Kvifor sitje dag og dag og skrive tekstane på nytt og på nytt for å få det til å fungere, få det til å vere bra nok? Hadde det ikkje vore betre om eg jobba direkte med politisk agitasjon? Eller endå betre, direkte og praktisk med menneske som lir på grunn av krig? Med fattige, sjuke og undertrykte, hadde det ikkje vore betre om eg gjekk rundt og klemte folk som trong å bli omfamna?
Og kva med dykk jazzmusikarar, kva med dykk? Skulle ikkje også de ha gjort praktisk arbeid, skulle ikkje de også ha droppa øving, terping og søknadsskriving? Skulle ikkje de også ha tenkt at no er det nok med sjølvrealiserande kreativitet, no er det tid for å vaske golva på operasjonssalene, tid for å knyte nevane og løfte parolane, tid for å byte ut kontrabass med kanon?
Ja, eg veit at eg no triggar dei mørke demonane i kvar enkelt kunstnar, også i gode tider kan vi streve med dette: kva er vitsen med dette arbeidet? Unnskyld til dykk alle. Eg meiner det eigentleg ikkje. Dessutan kan det godt vere det er fleire av dykk som finansierer kreativiteten med golvvask. Og eg meiner absolutt ikkje at nokon skal byte ut fela for ku, kontrabassen for kanon. Nei, eg meiner det ikkje, sjølv om fortvilinga og desillusjonen kan vere sterk. Men kva skal eg gjere for å bøte på kjensla av at det ikkje nyttar å vere kunstnar i verda i dag?
Eg har stole ei parole frå eit dikt av Jan Erik Vold. I boka Mor Godhjertas glade versjon. Ja. frå 1968, avsluttar han «nyttårsdiktet» med følgande oppskrift i store bokstavar:
DET ER HÅPLØST.
OG VI GIR OSS IKKE.
Eg skal ikkje drøfte og analysere diktet her og no, eg har skrive meir utfyllande om dette i ein tekst som var på trykk i Morgenbladet fredag 4. april. I staden skal eg gje setninga til dykk med ei lita omskriving:
DET ER HÅPLAUST, MEN VI GIR OSS IKKJE.
Vi må jobbe for å få behalde den verda vi ønskjer oss, og det skjer ikkje berre ved praktisk arbeid, agitasjon og opprustning. Det skjer også gjennom å demonstrere kunstens plass i verda. Det finst ikkje andre måtar å gjere dette på enn å skape, utøve og konsumere kunst. DET ER HÅPLAUST, MEN VI GIR OSS IKKJE.
Vossa Jazz er ei parole like god som andre, her er vi med musikken vår, så fuck you!
Og ikkje berre det, Vossa Jazz er ein fest.
Og ikkje berre det, musikken på Vossa Jazz kjem til å vere ein knyttneve i magen, eit oppklarande klask i bakhovudet.
Men musikken kjem også til å vere ein klem, ei omfamning og ei lindring.
Med ei stor og desperat forventning, men også ein stor takk til alle som brukar tida si på terping, øving og søknadsskriving, erklærer eg Vossa Jazz 2025 for opna.