Opningstale 2021

Av og med Edvard Hoem

Er det musikken som skal redde verda?

Når det ser som svartast ut
er det somme som seier:
Er det noko anna enn musikken
som kan redde verda?

Musikken kan aldri stilne, aldri tørke ut.
Musikken nærer seg av det forgangne,
men skyt blomar i det samtidige,
minner om det som lenge var gløymt,
kallar fram det vi ikkje vil kjennast ved,
så vi kan forsone oss med det.

Musikken stig mot det landet
som enno ikkje er.
Musikken er sin eigen herre
som ingen kan kommandere eller befale.
Han bøyer av der ein skrålande triumfator
forlanger at alle skal trø til side,
men bryt ut i jubel når sigerherren
er forsvunnen bak neste sving.

Nei, det er ikkje musikken
som skal redde verda,
men dei som lyttar og nærer seg av han,
dei som legg ut på pilegrimsreiser
til stader der musikken held til.
Musikken frelser mennesket
når all von er ute.
Musikken bergar den einsame
frå gløymsla og seg sjølv.
Musikken minkar alle avstandar,
løyser opp stive lemmer, forkastar alvoret,
fordriv den djupe sorga med eit smil.
Musikken frigjer mennesket
frå dei falske forteljingane,
og kallar sanninga fram.
Musikken reddar ikkje verda,
men gjer at vi kan sjå dei andre
som er av same slag som vi.
Vi rår med oss, som etter ein lang søvn
og finn tilbake til kvarandre.


Musikken nærer seg frå susande vind,
frå surklande bekker og rop frå vår inste sjel.
Musikken veks av det uforløyste begjæret,
av viljen til det gode, sprenger barrierar,
stadfester vår uro, bygger styrken vår,
får oss til å kjenne igjen den verda vi lengtar til,
sjå barna våre, kjenne att vennene våre,
finne dei andre, dei vi held mest av.

Musikken skal ikkje redde verda,
men samle menneska til fest.
Når vi kjem saman, tennest vår fryd.
I det einsame hjartet
bur lengsla etter dei andre:
-Er du der? No er eg her!
Så blir vi stille hos kvarandre,
og ut av stilla bryt musikken fram
og lyser av uovervinneleg liv.

Edvard Hoem
Revidert versjon av prolog ved opninga av
den førtiåttande versjonen av Vossa Jazz,
september 2021.