Kva skjer?

  • Resjemheia

    Resjemheia er skildra som “eit musikalsk overgangsparti, frå bluesbyens rike til folkemusikkens kongedømme – ein higway frå elgitar til hardingfele."

  • I.P.A.

    “I.P.A. får jazzhistorien til å blomstre i møte med moderne teft.» - Arild. R. Andersen, Aftenposten

  • Jazzlinja ved NTNU, Trondheim – «TELL US»

    Studentane ved Jazzlinja i Trondheim utgjer TELL US, kjem til Voss med ungdommeleg pågangsmot og unike improvisasjonar.

    fredag 22. mars

    13:00

  • Ole Bull Akademiet: Strengjarhaugen Spelemannslag

    Gamle dansar og viser vert som nye når Strengjarhaugen spelemannslag tek tradisjonmusikken inn i ei ny tid!  

    fredag 22. mars

    15:30

  • Festivalkunstnar Ståle Gerhardsen

    Årets festivalkunstnar, Ståle Gerhardsen, har éin regel: Om det er gøy, så gjer han det! 

  • Festivalopnar: Kjartan Fløgstad

    Me er glade for å ha med oss Kjartan Fløgstad på laget til festivalen 2024 og gler oss til å sjå han i meir enn eit oppdrag!

  • Opningskonsert – Øyunn – Aspects

    Trommeslagar Øyunn opnar Vossajazz med eit følelseslada brak. “Aspects” blandar konsert med filmvisning, og kan til tider minna om ein stumfilm med fullt orkester. Med rolege instrumentelle parti, og meir eksplosive vokalparti, er det ei forestilling som er både følsom og kraftfull.

  • Gabriel Fliflet – I lys loge

    Gabriel Fliflet er eit kjent, og kjært namn på Vossajazz. Når han i år framfører tingingsverket “I lys loge”, er det 30 år sidan han fekk Vossajazzprisen, og han har satt eit sterkt preg på festivalen sidan det.

    fredag 22. mars

    20:00

  • Emmeluths Amoeba

    “Når Signe Emmeluth blåser i hornet, så lytter man”, skriv Audun Vinger i DN, medan Jazznytt kallar Emmeluth eit av dei mest interessante unge talenta i skandinavisk jazz i dag. 

  • Aksel Røed – Død Sjø

    Fjorårets vinnar av Vossajazzprisen har i år med seg ei blanding av jazz og 80-tals hard rock til festivalen. Verket “Død sjø” er inspirert av havet, av Røed sine opphald på hytta på Sotra, og av besteforeldra hans, som kjende det uendeleg løyndomsfulle djupet langt betre enn den bergenske saksofonisten sjølv gjer. 

  • Gabriela Garrubo

    “Ryktet har gått ei god stund: i Bergen finnes det en norsk-brasiliansk vokalist med noe helt spesielt å melde.”, skriv Nettavisen om Gabriella Garrubo si debutplate, “Rodando

  • Sigbjørn Apeland -solo

    Med orgel og trøorgel spelar Sigbjørn Apeland seg inn i grenselandet mellom folkemusikk, kyrkjemusikk og improvisatorisk musikk. Det er så vakkert at det er til å gråta av, når dei vare tonane pakkar oss inn, og snik seg inn til det inste.

    fredag 22. mars

    21:30

  • Murray / Håker Flaten / Nilssen-Love

    I følge jazzmagasinet Jazzenzo leverer Murray / Håker Flaten / Nilssen-Love “energisk musikk som går til det ekstreme”, med musikarar som “spelar som om dei vil setta fart på ein flokk elefantar”, medan salt peanuts* samanliknar trioen med ein blodtrimma racerbil, med full gass gjennom dei skarpaste svingane, og utanomjordisk teknisk presisjon. 

  • DJ Live Sollid

    Sollid spelar opp ei herleg, eklektisk blanding av soul, jazz, R&B, nu-disco og house.

  • Marius Neset Quintet

    Det kjende og føreseielege skal utfordrast når Marius Neset kjem til Vossa Jazz med sin nye handplukka kvintett! Kjenneteikna av eventyrlyst, uventa rytmar og brå taktvendingar, pendlar dei frå lyriske balladar til rytmiske eksplosjonar – alt framført med kvass teknisk nøysemd og presisjon

    fredag 22. mars

    23:00

  • Jamvert: Trøen/Arnesen Quartet

    Trøen/Arnesen Kvartett spelar oss inn i eit univers med vakre melodiar og livlege grooves, der idealet om den klassiske jazz-kvartetten står sterkt. Firkløveret famnar vidt, med eit alderspenn på tre generasjonar, og innflytelsar frå mellom anna Edvard Grieg og Keith Jarrett, til John Coltrane og Henderson.

  • Best Western Swing

    Det må jo bli medrivande når fem musikarar let seg foreina i kjærleiken sin til musikk som dette. Best Western Swing omtalar det sjølv som “western swing, hestejazz, bææ-bop og andre rurale uttrykk for jazzifisert dansemusikk frå dei amerikanske sørstatane”. 

  • Griegakademiet

    Innovasjon, energi og speleglede er stikkord når Jazzlinja på Griegakademiet i Bergen inviterer til konsert i foajeen i Gamlekinoen!

    laurdag 23. mars

    11:30

  • Air Play

    Som dei sjølv seier: Air Play er fellesskap, samspel, improvisasjon, klang og magi i melodi - i felles rytmikk og uttrykk. Det er berre å gle seg.

  • Superjazz: SuperLydvo med Supergruppo

    Improvisasjon, dans og kanskje besøk av sjølvaste Elvis? Dette er berre toppen av det musikalske isfjellet som Supergruppo og SuperLYDvo byr på under årets Superjazz!

    laurdag 23. mars

    12:00

  • Badnajazz: Under Bakken

    “Under Bakken” er slåande vakker, morosam og rar - ei musikalsk og visuell framsyning om det yrande og livsviktige universet som me har rett under føtene våre heile tida, i den mørke, brune jorda under bakken!

    laurdag 23. mars

    13:00

  • Randi Pontoppidan -solo

    Randi Pontoppidan er kjend for vokalarbeidet sitt, og kanskje spesielt for hennar eksperimentelle elektroniske livehandsaming av stemma. Ho har ein bakgrunn frå både jazz og klassisk song, og nyttar ei blanding av desse stilartane til å skapa musikk utanfor sjangerrammene. Ho skaper eit elektroakustisk lydunivers som ikkje liknar noko anna, og som dreg publikum med seg, kvar enn det bevegar seg. 

    laurdag 23. mars

    14:00

  • Johan Hauknes i samtale med tingingsverkkomponist Hanna Paulsberg

    Johan Hauknes, jazzskribent i salt peanuts* og jazzvitar, snakkar i ein times tid med Hanna Paulsberg om årets Tingingsverk. Ho vil seinare i kveld framføre sitt nyskrivne verk Do you want my job? Vi vil høyre kva hennar tanker omkring tingingsverket er, og kven den fiktive cowboyen som spør, er. Kanskje har òg tilveret som turnerande musikar nokre likskapstrekk med tilveret som cowboy på prærien?

    laurdag 23. mars

    14:00

  • BOI AKIH

    Duoen består av komponist og gitarist Niels Brouwer og vokalist Monika Akihary. Akihary er ein av Europa sine leiande vokalistar, og fekk Boy Edgar prisen i 2023, den fremste prisen for jazz og improvisert musikk i Nederland. 

  • Susanne Lundeng solo

    Med virtuost felespel og eit uttrykksfullt scenisk nærvær kjem Susanne Lundeng tilbake til Voss. Denne gongen som soloartist. Med seg i bagasjen har ho den nordnorske folkesjela.

    laurdag 23. mars

    16:00

  • William Parker Trio

    William Parker Trio “hentar like mykje frå hardrock og psykedelia, som frå blues- og jazztradisjonen”, ifølge All About Jazz. Dei skildrar trioen sitt album “Mayan Space Station” med eitt ord: Svidd.

  • Vepsestikk

    Vepsestikk kokar opp eit makelaust heksebrygg så potent at det får deg “til å bevega dansefoten i edru tilstand”, ifølgje Universitas. 

    laurdag 23. mars

    16:30

  • Tingingsverket – Hanna Paulsberg «Do you want my job?»

    I årets Tingingsverk “Do you want my job?” vil Hanna Paulsberg mana fram ein fiktiv cowboy, og spela fram musikken som følger han.

  • Shamania

    Blandar du jazz-orkester og musikkteater med nokre av dei sterkaste musikarane i Skandinavia, ja, då får du Marylin Mazur’s Shamania.

    laurdag 23. mars

    20:00

  • «Hundemanuskripta» av Jon Fosse

    Jon Fosse, den fyrste nynorskspråklege forfattaren som har vorte tildelt Nobels litteraturpris, skriv i kjend stil djupt menneskelege tekstar, også sett frå hundekorga.

    laurdag 23. mars

    20:00

  • Mirror Image

    Mirror Image er ein eklektisk og mangslungen oktett, handplukka av bassist Ole Morten Vågan for berre eit par år sidan. Dei ferske komposisjonane er det Vågan som står bak, men ensemblet inkorporerer gjerne sørafrikanske hits frå 70-talet, inspirasjon frå samtidsmusikk, og element frå afrikansk folkemusikk – i tillegg til jazz i alle moglege former. Ein veit altså aldri kva denne gjengen kan finna på å byda på, og det er nett slik me likar det!

  • DJ Bård Berg

    Bak snurrande plater, i mørke rom, omringa av dansande, sveitte menneskje finn du Bård Berg.

  • Nelly Moar

    Det er herleg sutlaust når Nelly Moar inviterer deg inn i eit dansbart, sjølvsikkert og silkemjukt univers. Den bergensbaserte artisten kombinerer R&B, Club og Pop, og nyttar seg av inspirasjonskjelder som KAYTRANADA, Erykah Badu, D’Angelo og Jorja Smith. Ho har ei stemme med uvanleg god rekkevidde, og har allereie vorte ei me gler oss til å høyra meir av!

  • Jamvert: Ole Mofjell & 3 Days of Maceation

    Ole Mofjell & 3 Days of Maceration er ein levande jazztrio, full av humor og kompleksitet. Dei baserer seg på dei store jazzkomponistane frå 60- og 70-talet, som Charles Lloyd, Ornette Coleman og Anthony Braxton, og vidarefører denne tradisjonen i ei moderne tid.

    laurdag 23. mars

    22:30

  • Horse Orchestra

    “Eit festband som med framføringane sine nesten negerer skandinavar sitt rykte for å mangla humor.”, skriv Jazzword.com.

  • OJKOS m/ Knut Kvifte Nesheim «Graosido»

    Verket “Graosido” er inspirert av eit fjellmassiv som Vossingar kjenner godt, der musikken målar fram landskapet i skiftande ver og årstider. Komposisjonane har naturleg nok fått titlar “pao vossamaol”, og ein kan mellom anna høyra lyden av “Vadlasletta”, “Taoe” og “Tjødni”. 

    laurdag 23. mars

    23:00

  • Litteraturfrukost med Kjartan Fløgstad og Ole Morten Vågan

    Start dagen med ein litterær frukost på Café Stationen saman med Kjartan Fløgstad, tonesett av den eminente Ole Morten Vågan. Det vert ein enkel frukostbuffet, som supplement til den andelege føda.

  • Jazznytt18

    I nokon år no har me hatt besøk her på Vossa Jazz av samtaleklubben Jazznytt18, der programleiar Audun Vinger møter musikarar, forfattarar og andre festivalfolk for morosame, inspirerande og vonleg […]

  • Karja/Renard/Wandinger

    I Osasalen skal improvisasjonar inspirerte av øydelagde maskinar og gamle, nifse stumfilmar krypa inn under huda på publikum. Hakkete og støytvise rytmar vert etterfølgde av rolege parti som snor seg fram mot brå brak og ustyrlege musikalske utfaldingar. Når trioen Karja/Renard/Wandinger spelar i Osasalen, kan me ikkje sjå for oss anna enn at det vil lyda heilt ned til Vangsvatnet!

  • Aruán Ortiz & Rob Waring Concert Tribute «Til Grete»

    “Lat oss spela inn eit album”, sa Aruán. “Ja, og la oss reisa verda rundt”, svarte Grete. “Fyrst må me spela inn eit album”, sa han. Slik byrja samtalen mellom den cubanske pianisten Aruán Ortiz og den norske vokalisten Grete Skarpeid.

    sundag 24. mars

    13:00

  • Badnajazz: Hala og pappa, med Rasmus Rhode og Marte Valle

    På veg heim i romskipet sitt må Hala og Pappa nødlanda på ein framand planet. Her er alt ukjend, og dei er både redde og engstelege i møte med trolla som bur der.

    sundag 24. mars

    13:00

  • Eldrejazz: Mjøs/Sørheim/Wolski Trio med Kjartan Fløgstad

    Det vert slåttar frå Hardanger, Voss og ein smak av England når Mjøs/Sørheim/Wolski Trio kjem til Trudvang for å spela på Eldrejazzen. Musikarane opnar døra til si musikalske leikegrind, kor dei saman skapar eit innbydande musikalsk landskap av durspel, hardingfele og siter. Mellom musikken vert det opplesing av Kjartan Fløgstad.

    sundag 24. mars

    14:00

  • Maridalen

    Ut av den varme klangen av kontrabass, saksofon og trompet, dyrkar Maridalen lyden av det akustiske. Trioen hentar namnet sitt frå det naturskjønne dalføret like nord for Oslo sentrum, og musikken dei spelar ser ut til å likna landskapet sjølv. Dei levande tonane snor seg søkande avgarde – som den sprokne asfalten, og dei mange stiane, som snirklar seg innover dalen.

  • Karin Krog & The In Between Times

    Noregs Jazzdronning, Karin Krog, fekk Norsk jazzforums Hederspris i 2023 for over 65 år i jazzens teneste. Når ho i år kjem til Voss saman med gitarist Staffan William-Olsson og bassist Terje Gewelt er det ein høgt akta og mykje prislova trio som entrar scena.

  • AUROM TRIO m/ Per Jørgensen

    Folkesongarane i Aurom skal leika seg mellom det nye og det gamle i Vangskyrkja. Dei tre vokalistane brukar tradisjonssongar, nye songar, og sjeldan finjustert samklang til å skapa sitt tidlause musikalske uttrykk. Det er alltid eit snev av improvisasjon i musikken deira, som hentar stemninga si frå spennet mellom det stille og skjøre, og det intense og ekspressive. 

    sundag 24. mars

    17:00

  • Bergen Big Band med Shannon Mowday – «Colourful Houses»

    Shannon Mowday er eit fyrverkeri av ein musikar, og vil saman med det alltid vitale Bergen Big Band stå for ei kraftsalve utan like. Mowday sitt verk for BBB har fått tittelen “Colourful Houses”, og trekk trådar frå dei fargerike husa på Bryggen i Bergen, til det minst like fargesprakande området Bo-Kaap i Cape Town, der ho sjølv vaks opp. Begge stadane har vore viktige handelshamner, kor både musikken og kulturen har vorte forma av dei mange inntrykka og innflytelsane handelskulturen har ført med seg.

    sundag 24. mars

    18:00

  • ARAS

    “Aras” er resultatet når to av verdas fremste ensemble innan verdsmusikk slår seg saman: Javid Afsari Rad Ensemble og Zarbang Percussion Ensemble. Eit samarbeid som i sin intermusikalske natur passande nok er oppkalt etter elva som renn mellom Iran og Aserbajdsjan.