«Det er ikke lett å sette Miss Tati i noen musikalsk bås. Variasjonen er stor. Fra melodiøs rap med elektroniske elementer og r’n b til mer jazzpreget stoff og rytmisk soul. Hun fikser det meste like bra», skreiv BTs Einar Engelstad om Miss Tati sin konsert på Nattjazz i fjor.

Tati byrja musikkarriera si i Bergen som korist, mellom anna for Datarock og Store P og som vokalist i det sagnomsuste kollektivet Fagernes Yacht Klubb. Med ei stemme og eit scenevesen av Tati sitt kaliber, var det sjølvsagt berre eit spørsmål om tid før scena måtte bli hennar, og berre hennar. Den tid er komen, og Tatiana har no sine eigne koristar og eit framifrå band. Med seg på scena har Miss Tati eit superteam av lokale musikarar.

Tatiana Palanca
Liliana Palanca
Eirik Blåsternes
Chris Holm
Ivar Thormodsæter
Ingrid Engesæter Røen

Facebook: https://www.facebook.com/misstatitati

Videoen “Don`t Let Go” kom nyleg, og The Guardian la den til spelelista si og sa: Don’t Let Go is an unexpected and welcome burst of warmth that lifts the spirits now that summer is behind us”.