“Vossa Jazz er en festival vi alle har et forhold til med diverse band fra tidligere, og Voss er et fantastisk sted, så vi gleder oss masse til å spille på Vossa Jazz!”

Fredag 7. april kan du oppleva dei på Voss!

Highasakite er eit knakande bra band som har gitt ut mangt eit godt album med gode omtalar over heile fjøla! Dei set standarden for popmusikk både kommersielt og kunstnarleg: Highasakite viser at utfordrande og kreativ kvalitetsmusikk kan nå ut til massane. Ingrid Helene Håvik og bandet tyr ikkje til billege triks for å hamna på listene – musikken deira er ei intelligent blanding av fengande pop, mørk elektronika og eksperimentell samtidsmusikk.

Det er duka for ein heidundrande kveld i Vossasalen, det er berre å gle seg!

 

Til denne konserten gjeld billetten huskort fredag, evt. dagskort fredag eller festivalpass.