Festivalkunstnar 2019: Tor-Arne Moen

Tor-Arne Moen (f 1966) er målar, grafikar og forfattar med atelier på Notodden. Han er utdanna ved Kunsthøyskolen i Bergen og hadde sitt gjennombrot med ein serie måleri til Hamsuns samlede verker tidleg på 90-talet. Sidan har han målt seg gjennom eit stort spekter og vore innom dei fleste klassiske, figurative disiplinar. I to periodar og frå 2017 har han jobba med nostalgisk tilnærming til materialet med utgangspunkt i gamle svart/kvit-fotografi som motivkrets.

Moen jobbar med figurativ teknikk med tjukke lag av måling i grove strøk med varierande penselbreidde. Han arbeider som regel i seriar, men er stadig på søken etter ny vinkling i sine arbeid. Tor-Arne Moen er òg svært interessert i musikk generelt og jazz spesielt. Han har mellom anna eit band som øver i atelieret hans ein dag i veka, og repertoaret deira er jazzperler! Moen sjølv trakterer med andre ord både pensel og saksofon.

  • – Dette blir gøy! Jeg er veldig glad i jazz og gleder meg til å stille ut på Vossa Jazz! 

Til Vossa Jazz vert det utstilt både grafikk og måleri.

Utstillinga opnar fredag 12. april kl 17.00 i Voss kulturhus. Vossa Jazz-utstillinga er eit samarbeid mellom festivalen og Voss kunstlag.