Eldrejazz 2014: Hullyboo

Hullyboo er ein ung og lovande trio som spelar musikk i krysningspunktet mellom jazz, country og blues; lett slentrande og upretensiøst. 

Trioen har spelt både i innland og utland dei få åra dei har spelt saman. Dei musikalske banda strekkjer seg derimot heilt tilbake til ungdomsskulen der Klovning og Tveite fyrst møttest. Via folkehøgskule og så jazzlinja i Trondheim, musikkhøgskulen i Oslo og Griegakademiet i Bergen har dei dyktige musikarane etterkvart vorte kjent som eit drivande godt liveband med gode, musikalske låtar. Hullyboo stakk like godt av med ”Jazz i sikte”-prisen, om ein skulle trenga bevis!

Marius Hirth Klovning – gitar
Bjørnar Kaldefoss Tveite – bass
Mats Mæland Jensen – trommer

Velferdsentralen laurdag 12. april kl. 14:00. Billettsal i døra, pris kr. 170,-