You can leave your cap on

tomaszstanko-adnedyrnesli1-2

Kvar Vossa Jazz er sundagskvelden på Fraktgodsen gjenstand for musikalske høgdepunkt. 2011 vart ikkje noko unntak; dette sørga Tomasz Stanko og det nye bandet hans for. Den eigenarta konserten gjorde djupt inntrykk på publikum. Med jamne mellomrom tok kompet pause og anten trompeten pianoet bassen gitaren eller slagverket vart åleine om musiseringa.

Desse vare augneblinkane av instrumentell einsemd skapte lyriske hulrom i det elles fyldige lydbiletet. Då det einsame instrumentet fann tilbake til sine kameratar forplanta gjensynsgleda seg i både musikarar og publikum. Frå det suggererande repetative til løpske akkordprogresjonar og ville bassløp alltid med Stanko sine karakteristiske vakre trompetlinjer i nærleiken.

I tillegg til alt dette er Stanko også visjonær i klesvegen: Capsen er på veg inn igjen etter 10 år i bakerst i boden du høyrte og såg det fyrst på Vossa Jazz!

Del gjerne!