Vossingar i djupet av Bronx

Vossajassbox (foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)
Vossajassbox (foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)

Sjå for deg South Bronx, New York på tidleg 80-tal. På eit gatehjørne står nokre disc jockeys og spinn urbane beats. Rapparar spyttar heftige rim mot kvarandre. Eit par hippe typar breakdansar på den grove asfalten mens ein barsk gjeng feiar rundt i smuga på rullebretta sine. Så flyttar du heile scenarioet til vårlege Vangen. Då har du Vossajassbox.

Gamle og unge, dansarar og rapparar, DJs og beatboxarar hadde møtt opp på årets hippaste arrangement, Vossajassbox. Det var ei ellevill stemning då rytmane tok til, og breakdansarar heilt ned i åtteårsalderen byrja å shake. Då artistane i “Stor overraskelse” tok over kalaset var det ikkje tvil om at Voss, i alle fall for ein augneblink, var på høgde med dei største hiphopmetropolane i verda, og i nokre timar var dei kalde vossingane inne i djupet av Bronx.

Del gjerne!