Vossakveik – ny påmeldingsfrist måndag 11. april

irene_nygardsvik_0

I samarbeid med Indre Hordaland Miljøverk inviterer Vossa Jazz til det tradisjonelle næringslivsseminaret Vossakveik;
torsdag 14. april klokka 16:30 – 20:00 i Fraktgodsen
.

Tema for seminaret er

«Vestlendingen; verdiskapar eller monsterforbrukar?»

Irene Nygårdsvik er utdanna siviløkonom frå NHH og er forskaren bak «Raushetens og bevissthetens økonomi – skaperkraft som økonomiens livsnerve». På Vossakveik vil ho snakka om samfunns- bedrifts- og personleg utvikling i lys av hennar økonomi- og dialogtenking.

Sjur Holsen er politisk redaktør i Bergens Tidende. Han er utdanna statsvitar med bakgrunn frå utanrikstenesta.

Musikar komponist og humorist Sjur Hjeltnes frå Voss vil vera musikalsk leiar for seminaret. Han er m.a. kjend frå samarbeidet med Nordic Tenors.

Etter seminaret vert det sosial samkome med fingermat og noko attåt på Fleischer’s Hotel.

Pris

  • Seminar fingermat og eit glas vin på Fleischer’s: kr. 500 (kr. 300 for Vossa Jazz sine sponsorar)
  • Kun seminar: kr. 200

Bindande påmelding til kari@vossajazz.no innan 11. april.

Alle interesserte er hjarteleg velkomne!

Del gjerne!