Vossakveik i september

I dag, 2. april, skulle årets Vossakveik vore skipa til, noko som dessverre ikkje let seg gjere. Vi kan med glede melde at Vossakveik 2020 vert skipa til i Gamlekinoen fredag 18. september!

Programmet er det same som det skulle ha vore i dag, og tittel er:

Voss – bygd for endring?

Vossakveik er seminaret som skal inspirera og engasjera, me vil fyra opp til god kveik!

Me inviterer til ei forrykande samkoma med innblikk i kva endringar som skjer i samfunnet. Den digitale revolusjonen er over oss, og korleis skal du få inspirasjon til å takla endringane…? Det vert humor, musikk og engasjerte innlegg:

Eirik Norman Hansen
Eirik Norman Hansen er ein ekte teknologioptimist, er du redd for at robotane skal ta over jobben din er det verdt å lytta til denne mannen. Norman Hansen skal snakka om kva teknologi betyr for oss menneske og samfunnet og korleis dette formar verda no – og i tida som kjem. Litt skremt og spent på alt som skjer på den teknologiske fronten;  nytt høve til å høyra Erik Norman Hansen!

Kathrine Aspaas
Kathrine Aspaas er kjent frå sine mange år som kommentator og skribent i Aftenposten, ho har også skrive bestseljaren Raushetens tid der ho hevdar at me går mot ein meir open, raus tidsalder; den emosjonelle revolusjonen.  Kva skjer med mennesket i ei digital verd og korleis ser jobbane våre ut framover? Aspaas hevdar sjølvinnsikt og emosjonell intelligens veks fram som dei store suksesskriteria i arbeidslivet. Korleis dette skal gå for seg skal ho formidla med humor og kunnskap!

Vigdis Jordal
Vigdis Jordal er ein engasjert og kraftfull formidlar som med humor og poesi inspirerer til arbeidsglede og endringsvilje. Under Vossakveik skal ho ta oss med på ei undringsreise i den digitale revolusjonen og det menneskelege engasjementet. Teknologien i rakettfart og evolusjonen i skjelpaddefart.

Kjøp billettar hjå TicketCo.

Vigdis Jordal
Vigdis Jordal

Del gjerne!