Vossakveik

sjur_hjeltnes_ii

makt og motmakt:
TA STYRINGA FOR SVINGANDE

Victor D. Norman Anne Viken og Einar Øverenget er alle engasjerte i spørsmål om utvikling og verdiskaping. Kor finn me krafta og kva liv er det laga på landsbygda?

Victor D. Norman er professor i samfunnsøkonomi ved Norges Handelshøyskole og har vore forskar i ei årrekkje. Han var statsråd i regjeringa Bondevik og har medverka i ei rekkje offentlege utval. Norman er òg skribent m.a. i DN. Norman utfordrar og provoserer og med hans innsikt og kompetanse vert det skapt dynamikk og refleksjon i dei fora han uttalar seg.

«Dersom man ikke samles om lokal makt er det ikkje motmakt det skorter på men viljen man har til å bruke den makten man har».

Anne Viken er utdanna veterinær med fordjuping i antropologisk medisin. Ho er òg skribent spaltist journalist og bloggar. Viken meiner ustanseleg mykje om Distrikts-Noreg. Ho har ei stemme som røskar i etablerte sanningar og førestellingar og har klare mei- ningar om kva som er Bygde-Noregs største utfordringar.

«Heller enn å dyrke den upersonlige medkulturen kan ein dyrke det personlige nære og ikkje minst unike. Utkantane må faktisk skjerpe seg!»

Einar Øverenget har doktorgrad i filosofi er forfattar og foredragshaldar. Øverenget er husfilosof i Nitimen God Morgen Norge og fast spaltist i DN Magasinet Dagbladet og i Finansfôrum. Med meir enn tjue års erfaring føreles Øverenget med stor tyngde omkring spørsmål knytt til etikk moral og filosofi. Med glimt i auget leverer Øverenget inspire- rande og tankevekkande presentasjonar som ikkje let tilhøyrarane vera urørde.

«Hva kan få oss ut av dagliglivets modus og til å begynne å reflektere? – Ta styringen for svingende!»

Møteleiar: Sjur Hjeltnes

Karl Seglem. Det vert eit eksklusivt møte med årets Tingingsverkkomponist.

Etter seminaret vert det fingermat og sosial samkome på Fleischer’s Hotel.

Opning Vossa Jazz-utstillinga «Nowhere better than this place»
For dei som ynskjer er det høve til å delta på opninga av årets Vossa Jazz-utstilling i Banksmidja klokka 20:00. Årets festivalkunstnar er Elin Brissman.

Pris

  • Seminar (med lett servering) fingermat og sosialt samvere på Fleischer’s: kr. 550 –
  • Seminar (med lett servering): kr. 250 –

Bindande påmelding til kari@vossajazz.no innan 22. mars.

Alle interesserte er velkomne!

Du kan lasta ned invitasjonen som pdf under her sjå vedlegg.

Del gjerne!