Korleis skal vossingane leva i framtida?

Årets Vossakveik har fokus på framtida og korleis me skal utvikla ei berekraftig bygd for sterke opplevingar.

Klarar Vossabygda å bli verdsmeister i å dela? Me har fått med oss flinke folk til å snakka om dette temaet:

HÅKON HAUGLI: Den digitale framtida
Haugli er administrerande direktør i Abelia, NHOs foreining for kunnskaps- og teknologibedrifter.
Han var stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet i perioden 2009 – 2013 og sat som medlem i Kommunal- og forvaltningskomiteen og Helse- og omsorgskomiteen. Haugli er utdanna jurist frå Universitetet i Oslo og har lang erfaring frå ulike rollar i næringslivet.

AGNES VEVLE TVINNEREIM frå Bærekraftige liv på Landås
Tvinnereim jobbar med samfunnsendring. Korleis kan me forankra naudsynte endringar lokalt, og korleis kan me gje kvarandre eit begeistra spark vekk frå handlingslamminga? Nye digitale plattformer opnar nye dører, men nokon må gripa sjansane og få dei ut til folket. Stikkord er tillit, lokalsamfunn og kreativ kompetanse.

CHRISTER HANSEN ERIKSEN, gründer Leieting.no: Delingsøkonomi i praksis
Leieting.no vart på rekordtid Noregs største marknadsplass for leige av ting & tang med tusenvis av
medlemmar over heile landet. Her kan ein leiga og leiga ut alt frå bil og båt til verktøy og friluftsutstyr.

Seminaret vert leia av ARNE HJELTNES, og kjenner me han rett vert det både innlegg og gode kommentarar undervegs. Det vert eksklusive smakebitar frå Tingingsverket med SUSANNA.

Sal av god lokal mat og drykk. Kortreist og bærekraftig, sjølvsagt! Dørene opnar kl 15:00 og baren held ope utover kvelden.

Kjøp billettar hjå TicketCo.

Velkomen!