Vossa Jazz treng ny hussjef på Park og dekor-sjef!

Anonse-dekorsjef-2

Er du Vossa Jazz sin nye dekor-sjef?

Er du kreativ, oppteken av estetikk, ynskjer å utvide nettverket ditt, og vil vere med og bidra inn i Vossa Jazz-familien?

Vossa Jazz er ein av mange festivalar som ikkje klarar seg utan gode frivillige. Desse frivillige jobbar med mykje forskjellig, og dekor er eit av felta. Me søker no ein ny, dyktig dekor-sjef som kan bidra inn i Vossa Jazz-fellesskapet med kreative og funksjonelle dekorløysingar.

Er du interessert, eller lurer på noko meir? Ta kontakt med Ingrid Steinkopf på epost: ingrid@vossajazz.no.

Er du Vossa Jazz sin nye hussjef på Park?

Likar du å ha oversikt, jobbe tett med andre menneske, er god på koordinering, ynskjer å utvide nettverket ditt, og vil vere med og bidra inn i Vossa Jazz-familien?

Vossa Jazz er ein av mange festivalar som ikkje klarar seg utan gode frivillige. Desse frivillige jobbar med mykje forskjellig, frå publikumsflyt til innslepp på konsertar og mykje meir! Me søkjer no ein, eller to, dyktige hussjefar til Park som kan bidra inn i Vossa Jazz-fellesskapet med struktur og orden på ei av Vossa Jazz sine viktigaste scener.

Er du interessert, eller lurer på noko meir? Ta kontakt med Ingrid Steinkopf på epost: ingrid@vossajazz.no.

Del gjerne!