Vossa Jazz til Fylkesarkivet

Har du noko du trur bør vera med i arkivet til Vossa Jazz?

Fylkesarkivet i Hordaland og Vossa Jazz har gjort avtale om at Fylkesarkivet skal ta vare på arkivet til festivalen. Dette gjeld skriftleg materiale som korrespondanse, avtalar, kontraktar, møtereferat osb. pluss foto, rekvisita, lydband, plakatar og program.

Det Fylkesarkivet overtar vil bli tatt vare på på beste måte, og det vil vera tilgjengeleg for Vossa Jazz etter at Fylkesarkivet har tatt hand om det.

Ta kontakt med Vossa Jazz på e-post kari@vossajazz.no, tlf. 56 52 99 11 eller kom oppom kontoret vårt i 2. høgda på Hålandshuset om du har noko. Alt må vere på plass innan 1. november.