Vossa Jazz tek Salto!

ekstremjazz07

”Salto – Goodbye have a safe journey and follow your heart”
Årets Ekstremjazz er eit samarbeid mellom Jon Balke Batagraf og dansekompaniet Wee leia av italienske Francesco Scavetta. Dette vert ei spektakulær utandørs konsert-framsyning med dansarar og utøvarar frå ekstremsport og akrobatikk med Vangsvatnet som bakgrunn og scene. «Ekstremsport handlar om vilje til å handtere risiko. I dette ligg det  opningar til noko nytt. Det meste er vanskeleg men alt er mogleg!» seier Jon Balke. Historia bak framsyninga er utvandringa frå Voss på 1800-tallet og assosiasjonar kring det å sleppe taket: forlate det velkjende og kasta seg ut i det ukjende. «Noko  slikt må dei jo ha tenkt også dei som på 1800-talet reiste frå gard og  grunn for å koma til New York med heile livet i ein koffert. «Salto!»  er ein fabel rundt  omgrepa risiko og gevinst» held Balke fram.

Jon Balke er av dei mest markerte aktørane i norsk og europeisk jazz. Heilt frå tidleg på 1970-talet har han bidrege med tonar frå klaver og synth og som arrangør og komponist mellom anna med Masqualero Jøkleba Magnetic North Orchestra og Batagraf.

VossaJazz satsar sprekt; me vil syna at me er ein nyskapande festival og kombinerer natur og kultur på ein spektakulær måte.

Dansarar:
Gry Kipperberg
Christine Kjellberg
Arnulfo Pardo Ravagli

Koreograf: Francesco Scavetta

Musikarar:
Jon Balke
Helge Norbakken
Ingar Zach
Kenneth Ekornes
Snorre Bjerck
Siv Kjennstad
Gard Nilssen
Thomas Dahl
Ellen Thuland
Kari Finne Songnnæs

Kostymedesign: Gørild Bjerke Sæther
Lydproduksjon: Asle Karstad
Lysproduksjon: Tor Ditlevsen

Framføringa finn stad på / ved Vangsvatnet laurdag 4. april klokka 20:00 – og er gratis.

Del gjerne!