Vossa Jazz styrkar miljøprofilen

trude_8

Slik skreiv avisa «Hordaland» før Vossa Jazz 2008: 

«Om du tek deg ein tur rundt om på dei ulike scenene på årets festival vil du finne at dekoravdelinga har vore både kreative og miljøvenlege. Bodskapen er klar: Gå retro bli grøn! – Me ønskjer å rette fokus på verdien i gamle ting og å ta vare på miljøet. I år er all dekor laga av andre folk sitt bos forklarar Janicke Rolland Vossa Jazz sin dekoransvarleg. Festivalen samarbeidar med Indre Hordaland Miljøverk og har fått tilkøyrt både møblar og tekstilar frå miljøstasjonen deira.

I tillegg har festivalen fått låne mykje frå FreTex. Sett i ein ny kontekst har det som ein gong var parkert og gløymt no fått eit nytt liv på jazzen. Dekoravdelinga har leikt seg fram med sine nyvunne skattar noko som mellom anna har resultert i ein skigard av gamle ski på Hanguren og eit lyspæretre i Fraktgodsen. Og miljøprofilen stansar ikkje ved dekor: Vossa Jazz nyttar berre resirkulert papir til plakatar og programblad. Festivalen er også oppteken av kjeldesortering og ber både medarbeidarar og publikum om å nytte seg av bosstasjonane som er sett opp rundt om på festivalområdet.»

Bilete: Vidar Herre Hordaland.

Del gjerne!