Vossa Jazz-prisen til Øyvind Hegg-Lunde

5. november delte fylkesordførar Jon Askeland ut Vossa Jazz-prisen 2021, i samband med konserten til Voice & Strings & Timpani på USF Verftet i Bergen.

Vossa Jazz-prisen er gjeven av Vestland fylkeskommune. Prisen er på 50 000 kr, i tillegg til eit trykk av årets Vossa Jazz-plakat som er laga av festivalkunstnaren, i år gatekunstnaren ITPD. 

 Prisen skal gå til den frilans jazzmusikaren i Vestland som i løpet av festivalåret har gjort seg mest fortent til denne heideren. 

 I grunngjevinga heiter det:

Vossa Jazz-prisen har gjennom åra vorte gjeven til mange gode musikarar frå fylket, og lista over tidlegare prisvinnarar utgjer ein stor del av dei viktigaste utøvarane i landsdelen.  Årets vinnar har røter i begge dei to fylka som no saman utgjer Vestland fylke. 

 Årets prisvinnar er ein musikar som er svært allsidig og har ei imponerande liste over produksjonar og samarbeidsprosjekt. I tillegg til ei solid heimleg karriere, jobbar hen også i ei rekkje internasjonale konstellasjonar, på tvers av sjangrar, og prisvinnaren har i arbeidet sitt  samarbeida innan dans, poesi, teater og perfomancekunst. I tillegg har vinnaren gjort fleire bestillingsverk for både samtids-, jazz- og folkemusikkfestivalar – inkludert suksessrike verk/framsyningar for born og ungdom. 

 For å nemna nokre i ein vakker og variert bukett artistar som prisvinnaren har spelt med: 
Arve Henriksen, Ståle Storløkken, Per Jørgensen, Marilyn Mazur, Terje Isungset og Nils Petter Molvær. Frå hans eigne prosjekt kan me nemna Building Instrument, Erlend Apneseth Trio – og kveldens Voice & Strings & Timpani. 

 

Prisvinnaren seier: “Virkelig beæra over å gå inn i rekka av alle dei fantastiske kunstnarane som har mottatt denne prisen tidligare. Mange av dei har eg lytta særdeles masse til og hatt som stor inspirasjon, og det å motta ein slik pris skapar ytterligare skapartrang. Eg er særdeles takksam for å ha mottatt denne prisen.”

Gratulerer!

Artikkel under:

Arkiv