Vossa Jazz-prisen til Kjetil Møster

img_5978csandrajecmenica

Den 22. Vossa Jazz-prisen i regi av Hordaland Fylkeskommune gjekk til saksofonisten Kjetil Møster. Prisen på 25.000 kr samt eit trykk av Vossa Jazz plakaten vart overrekt av fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen i samband med Solveig Slettahjell sitt tingingsverk. LES JURYEN SI GRUNNGJEVING HER

Juryen grunngjev prisgjevinga slik: «Møster har i mange år markert seg som ein av våre beste utøvarar med ei allsidig verksemd innanfor mange sjangrar. Han har i sitt tilvære som frilansmusikar gjennom hardt arbeid og personleg tilnærming til musikken gjort suksess på mange scener nasjonalt og internasjonalt».

Vidare skriv juryen at årets prisvinnar er ein av dei ypparste instrumentalistane innan jazzen noko som også gav seg uttrykk gjennom kåringa som ”verdas største internasjonale jazztalent” . Etter å ha vore sentral i mange sterke konstellasjonar innan jazzen som The Core Ultralyd og fleire aktuelle impro-band har han siste året også gjort lukke internasjonalt med Datarock.

– Dette var svært uventa og eg er litt skjelven sa Møster då han mottok prisen. – Eg trefte gutane i Real Ones i førre veke og dei lurte på om eg ville spele eitpar låtar med dei på Vossa Jazz. Det hadde vore kult tenkte eg. Vidare lurte dei på om eg ville komme å høyre på tingingsverket til Solveig Slettahjell. Det hadde òg vore kult. Men så var det brått berre eg som fekk komme inn på konserten avslutta Møster med til stor latter i salen.

Del gjerne!