Vossa Jazz-prisen 2024 går til Gabriela Garrubo!

Foto: Runhild Heggem, Vossa Jazz
Foto: Runhild Heggem, Vossa Jazz

“Ryktet har gått ei god stund: i Bergen finnes det en norsk-brasiliansk vokalist med noe helt spesielt å melde.”, skriv Nettavisen om Gabriela Garrubo si debutplate, “Rodando”.

Foto: Runhild Heggem, Vossa Jazz
Foto: Runhild Heggem, Vossa Jazz

Juryen si grunngjeving:

Vossa Jazz-prisen 2024 går til ein musikar, bandleiar og låtskrivar som har vorte ein viktig del av jazz- og musikkmiljøet i Bergen. Vinnaren kom til Vestlandet for å byrja på jazzlinja ved Griegakademiet i 2013 og har sidan den gong vore involvert i ei lang rekkje musikalske prosjekt i ulike sjangrar og besetningar. 

Dei siste fem åra har vinnaren vore eit like vanleg syn på Nordens største konsertscenar og festivalar som på dei langt meir intime jazzklubbane. Dette inkluderer mellom anna framføringar på Roskilde, Øyafestivalen, Oslo World, Vill Vill Vest og fleire norske jazzfestivalar. 

Årets prismottakar fekk på mange måtar sitt store nasjonale gjennombrot som soloartist i fjor. Etter å ha skrive låtar over ein tiårsperiode kom endeleg debutalbumet ut våren 2023, og musikkmeldarane har vore særs begeistra i mottakinga si. Bergens Tidende omtala utgjevinga som ei “bergtakende debutplate” og plasserte den øvst på lista over fjorårets beste album frå byen. Utover dette har vinnaren også bidrege sterkt til fleire utgjevingar som har kome ut både i fjor og i inneverande år.

Vinnaren er født i Oslo, men oppheldt seg mesteparten av barndomen i São Paulo, kor ho lærte å synga og spela piano. Ho kom attende til Noreg for å studera musikk, og havna etter vidaregåande til alt hell i Bergen. Heilt utan røter på Vestlandet er jazzmusikaren derimot ikkje. Bestefaren er frå Sotra og firmenningen har spela på Brann.

Den varierte bakgrunnen og oppveksten gjer seg også gjeldande i musikken hennar, og resulterer i eit spennande møte mellom den moderne nordiske jazzscena og innflytelsen frå brasiliansk 80-talsmusikk og bossa nova. 

Årets vinnar spela ein fantastisk konsert her i Vossasalen i går kveld, og no vil me gjerne ønska Gabriela Garrubo attende på scena for å ta imot Vossa Jazz-prisen 2024!

Foto: Anders Flatlandsmo
Foto: Anders Flatlandsmo

Gabriela Garrubo!

Del gjerne!