Vossa Jazz-prisen 2020

Sjølv om årets festival er avlyst deler me likevel ut Vossa Jazz-prisen!

I kveld, fredag 3. april, delte fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, ut den 33. Vossa Jazz-prisen.

Prisen er gjeven av Hordaland fylkeskommune. Prisen er på 50.000 kr og eit trykk av årets Vossa Jazz-plakat, som er laga av festivalkunstnar Tom Kosmo. 

Prisen skal gå til den frilans jazzmusikaren frå Hordaland som i løpet av festivalåret har gjort seg mest fortent til denne heideren. 

Vossa Jazz-prisen har gjennom åra vorte gjeven til mange gode musikarar frå fylket, og lista over tidlegare prisvinnarar utgjer ein stor del av dei viktigaste utøvarane i landsdelen.  

I grunngjevinga heiter det:

Juryen gler seg over å sjå at musikkmiljøet i Hordaland gjer seg gjeldande både nasjonalt og internasjonalt. 

Årets prisvinnar synte seg tidleg som eit jazztalent og fekk spela med mange store heltar alt tidleg i si karriere (før vedkomande var 20). Namn som Andy Sheppard, Terri Lyne Carrington og Joshua Redman er nokre av dei prisvinnaren har spelt med. Denne musikaren er utdanna ved jazzlinja i Trondheim og har vore bandleiar, komponist og ein viktig medspelar i ulike band og prosjekt. Grundigheit og kvalitet i førebuing og gjennomføring er nokre kjenneteikn.  
 
Prisvinnaren er ei svært positiv drivkraft for utvikling og nyskaping, ho nyfiken, speleglad og kjent for sin nydelege tone. Prisvinnaren beherskar ulike typar treblås og på Vossa Jazz har me høyrt henne i ei årrekkje i ulike produksjonar og ensemble, mellom anna med Bergen Big Band og Django Bates i 2018. I år skulle prisvinnaren spelt i to ulike konstellasjonar, men grunna korona-utbrotet må ein venta og gleda seg til neste år for å oppleva desse konsertane på Vossa Jazz. 

Det er med stor glede me kan avsløra at den 33. Vossa Jazz-prisen går til: Elisabeth Lid Trøen!

Gratulerer!