Vossa Jazz-plakaten 2009

Vossa Jazz er glad for og stolt over at Mari Slaattelid har laga plakat til 2009-festivalen.

Mari fortel sjølv om arbeidet:
“Eit besøk på det lokale gitarsenteret i San José California tidlegare i år resulterte i ein serie fotografi av opne fløyelstrukne gitarkassar. Dei er instrument i seg sjølve flaskegrøne og mørkeraude tunge og djupe som sofaer eller endå nærare sanninga; gigantiske smykkeskrin. Utan det kostelege innhaldet er dei tomme kassane ein lovnad om noko bortanfor det daglegdagse om eit hol i veggen nemleg musikken.
Eg har eit minne om ein nybada 2-åring liggande i den ledige fløyelskassa medan gitaren er i bruk. Så lenge kassa er tom er den hennar og den er alt ho treng i heile verda. Frå djupet av fløyelen må ho ha høyrt gitaren.

Plakaten er ein negativ versjon av bildet der dei dunkle mørkegrøne inneromma er vrengde til sine lett hallusinerte motsatsar: grågrønt orangerosa lilla og raudt.”

www.marislaattelid.com