Vossa Jazz på stø kurs

img_5281csandrajecmenica

Etter gårsdagens oppsummering kunne festivalsjef Trude Storheim og styreleiar Magne Kalstad konkludera med at den 36. i rekka er på høgde med sist år både på billettsal og budsjettmessig. – Tilbakemeldingane frå publikum har vore aldeles fantastiske. For fyrste gong så har me måtta stenga billettsalet på laurdagskvelden noko som tyder på enorm interesse sa Storheim. Fleire konsertar har vore heilt fullsatte ikkje minst tingingsverket med Solveig Slettahjell som òg selte svært bra i forkant av festivalen. Rikskonsertane har vore samarbeidspartnarar på denne produksjonen og Nina Hurum frå Rikskonsertane understreka kor viktig det var for begge partar at ein får musikken ut til folket og skal turnera til hausten. Tingingsverket av Slettahjell er planlagt å verta gjeven ut på. Ei anna storsatsing i år var Ekstremjazzen som samla i overkant av 1000 tilhøyrarar. Alt i alt har det vore ein fabelaktig festival!

Del gjerne!