Vossa Jazz og covid-19

Me fylgjer retningslinjene og sel difor avgrensa tal billettar til årets festival. Per i dag kan det vere maksimun 100 personar i konsertlokala, og nokre stader vil talet vere lågare då me òg må ta omsyn til «1 meter-regelen». Nokre konsertar er no utselde.

Me skal halda god avstand, og t.d. på Park deler me inn i to avskilte konsertarenaer, Vossasalen og Jazzklubben (tidl. Festsalen). Det betyr at publikum ikkje kan gå mellom dei to konsertarenaene. Det vert eigen inngang frå oppsida av hotellet og utgang på nedsida. Me har eigen «hovmeister» som vil tilvisa plass til den enkelte publikummar. Det vil vera mogleg å sitja fleire saman.

Festivalen har fokus på smittevern. Medarbeidarar vil bruka munnbind, og det same kan publikum verta oppmoda om å gjera. Me har rutinar for hyppig reingjering. Vossa Jazz har ein eigen smittevernkoordinator.

Vossa Jazz vil ikkje ta sjansar for publikum, artistar eller medarbeidarar. Det betyr at me berre gjennomfører festivalen om det er sikkert for alle.

Dersom me må avlysa festivalen vil kjøpte billettar bli refundert.

No tel me ned og håpar på ei strålande palmehelg med mykje flott musikk og kjekke folk på Voss!

Del gjerne!