Vossa Jazz-kunstnaren 2021 er klar!

Plakat 2021: itpd

2020 kan oppsummerast med eitt ord for oss i festivalbransjen: avlyst. Det har vore, og er framleis, usikre tider for kulturlivet generelt og for kunstnarane spesielt. Vossa Jazz jobbar mot nytt år og me er klare for å skipa til den 48. festivalen 26.-28. mars 2021. Me er stolte over å kunne presentera neste års Vossa Jazz-kunstnar allereie no: gatekunstnaren ITPD.

ITPD er ein bergensbasert kunstnar med bakgrunn som fotograf og teiknar. Fleire av verka hans kan sjåast på veggar i Bergen og Fyllingsdalen.
Den anonyme gatekunstnaren er inspirert av legender som AFK og DOLK, og han reknar seg sjølv som ein «old school-kunstnar», med sjablong og spray som viktigaste verktøy. Fleire av verka hans er prega av eit sterkt politisk medvit og velutvikla formkjensle.

Vossa Jazz har tradisjon for å skipa til kunstutstilling under festivalen i samarbeid med Voss Kunstlag, og festivalplakatane våre har vore laga av spanande, visuelle kunstnarar frå dag ein. Me vil at kunsten og mangfaldige kunstuttrykk skal gjennomsyra alt Vossa Jazz driv med.

Dette er fyrste gong me har ein gatekunstnar som festivalkunstnar, og utstillinga 2021 vil verta presentert både utandørs på Vangen og inne i utstillingsrommet på Voss Kulturhus.

Det nylaga verket som prydar Vossa Jazz-plakaten 2021 er ein hyllest til Per Jørgensen. Heilt sidan tenåra har festivalkunstnaren vore opptatt av den norske trompetisten sitt fantastiske lydrike og spesielt den musikalske galskapen Jørgensen bidreg med i trioen Jøkleba. Originalen av årets plakat kan du sjå i parkeringshuset Vossapark på Voss.

Dagleg leiar i Norsk Jazzforum, Gry Bråtømyr opnar Vossa Jazz-utstillinga i Voss Kulturhus fredag 26. mars.

Del gjerne!