Vossa Jazz har oppnådd Balansemerket

Foreininga Balansekunst er eit samarbeid mellom over 130 norske kunst- og kulturorganisasjonar som jobbar for eit likestilt og mangfaldig kulturliv. Endring krev aktiv handling, og ein må jobba for endring gjennom konkrete tiltak.

Balansemerket er ei merkeordning mot seksuell trakassering og diskriminering i kulturlivet.

Balansemerket er til for både små og store kulturverksemder, og for både organiserande, produserande og utøvande aktørar. Vossa Jazz har gjennom kursing og rettleiing jobba for å oppnå Balansemerket. Dette er eit kontinuerleg arbeid som me gjer for eit tryggare og meir inkluderande arbeidsmiljø. Samfunnet er prega av sterke normer og strukturar som fører til skeivfordeling av makt og ulike forutsetningar. Det eksisterer ulikheiter langs heile verdikjeda i kulturlivet, og desse skilnadane påverkar og forsterkar kvarandre. Likestilling innebere større friheit for alle, og eit større mangfald fører til eit rikare kulturliv.

Vossa Jazz tok i fjor initiativ til at fleire jazzfestivalar skulle ta Balansemerket, og Vossa Jazz og Mandaljazz har no mottatt merkeordninga.

Les her for sak hjå Balansekunst.

Les gjerne meir om Balansemerket her.

Del gjerne!