Vossa Jazz for alle

Foto: Amalie Johannessen

Gamle og unge, musikarar og tilhøyrarar, eldrejazzarar og superjazzistar – alle deltek når den gode musikken vert til!

Det var ein sangglad gjeng som fylte Velferdssentralen då Mads Berven, Anders Bitustøyl og Kåre Opheim spelte opp til allsang i dag. Mjuke jazztoner flomma ut av bandet sine instrument, og tilhøyrarane var trollbunde frå fyrste sekund. Då bandet spelte sangar av komponistar som Louis Armstrong og Charlie Chaplin var det ikkje ein einaste person i rommet som klarte å sitta i ro.

Bandet som møtte opp til Superjazz i kulturhuset må ha vore det største som nokon gong har tatt scena på Vossa Jazz. Bandet spelte opp med alt frå djember, congas og bongotrommer til kubjøller, tamburinar og trianglar, og då publikum fekk ta del i musikken, runga slagene gjennom alle krinkar og krokar av kulturhuset i eit desibelnivå som må ha grensa til det ulovlege. Etter at det siste smellet hadde runga ut ville applausen ingen ende ta!

Del gjerne!