Voss Storband i storform

img_0049

Laurdag ettermiddag viste Voss Storband at dei har lege i hardtrening sidan sist gong dei vitja festivalen. Saman med solistane Kåre Kolve (saksofon) Grethe Skarpeid (vokal) og Lane DeWolf (vokal) fekk publikum høyre eit vidt spekter av storbandmusikk.

På låta «A nightingale sang in Berkley» briljerte Kolve på saksofon og viste at han er ein jazzmusikar av internasjonal klasse. Grethe Skarpeid si djupe og vakre stemme var ein fryd å høyre på i «Come rain or come shine» og Lane DeWolf viste kva for eit musikalsk talent han er i «Mustang Sally».

Del gjerne!