“Voss” – dunkelt energisk vilt og vakkert

Tingingsverket til trompetist Mathias Eick har rett og slett fått tittelen “Voss”. Ein fullsett Vossasal var frå fyste trompetstøt fengsla av den pulserande inderlege musikken frå Eick med band. Det musikalske biletet flaut i ein stø rytme som frå høge fjellsider og like til Vossavangen. Det rike lydbiletet ei blanding av synth bass elektro og jazz gjorde tingingsverket til ei mektig oppleving. Publikum var med frå dei buldrande toppane til det stille og nesten melankolske og over i det fengjande funky landskapet der det doble trommesettet tok publikum til nye høgder. Det elektriske i møtet med den klokkeklare trompeten var som å fly over Voss i paraglider der ein nyt den fantastiske utsikta og kjenner den friske vinden av elektrisk happyjazz . Det dunkle det energiske det ville og det vare alt dette summerer opp “Voss” kanskje i likskap med bygda den viser til?