VISS VIBRAFONAR KUNNE DRØYME

ivarkolve-1

Då Ivar Kolve midtvegs uti konserten introduserte bandet sitt kunne han fortelje at han i år hadde handplukka musikarar frå øvste hylle. Det kunne høyrast. Konserten opna med lett melankolske tonar kvite og blå. Deretter kom fleire fargar samspelet var tett og elegant og kaptein Kolve styrde musikkskuta si med stødig hand ut i spennande farvatn. Tittelen på musikken i ettermiddag hadde Kolve døypt ”Polyostinat” som inneber hovudvekt på polyrytmiske og ostinatbaserte idear. Dette kan kanskje høyrast gresk ut dersom ein ikkje har doktorgrad i jazz (dr. jazz) men i praksis betyr det i hendene til herr Kolve nydeleg musikk.

Del gjerne!