Ville aldri reise derifrå

Heim med Joni (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)
Heim med Joni (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)

Kor var du då Joni Mitchell stod på scena i Vossasalen palmesundag 2022? Vonleg var du der, og ikkje i køa utanfor, for i kveld vart det i sanning skrive historie på Park. Ja, i kveld var kvelden då det kom for ein dag at Joni ikkje berre høyrer heime i californiske ørkenlandskap, men òg mellom høge fjell og djupe fjordarmar på Vestlandet.

Strengt teke var det ikkje Joni sjølve som stod på scena, men eit stjernelag under leiing av kapellmeister Heine Bugge. Og for å sitere Joni, eller dei nye norske gjendiktingane av songane hennar, så skein det små lys over dei alle. Dei rocka ho opp, før dei trekkspela, hardingfela og mæla ho mjukt på nynorsk ned.

Det var ikkje berre Vossasalen, men også timen denne palmesundagen som ikkje var stor nok i kveld:

«Å det er eit sanningsord, at du ikkje veit kva du har før det for.»

Del gjerne!