Vil du vera med på verkstad og konsert?

Komponist og trommeslagar Thomas Strønen har skrive musikk og saman med slagverkensemblet "Extended ground" kjem han til Voss med instrument som er handlaga for høvet!

Kva skal til for å bli med?
Du må vera interessert i musikk! Og lika å leika og læra saman med andre! Det vert verkstad laurdag 23. mars 14:00 – 18:00 i Voss Kulturhus. Der jobbar ein saman med Thomas og Slagverkensemblet fram det som skal verta ein flott konsert i Vossasalen sundagen!

Bindande påmelding til trude@vossajazz.no eller på 957 61 257. Ta med namn alder og mobilnr. og om du evt. spelar instrument.

Velkomen!