Viktig endring: Mestad/Seim avlyst inntil vidare!

Grunna sjukdom lyt kveldens konsert i Gamlekinoen, “Den andre mannen i meg”, gå ut. Me jobbar for å få flytta til sundag, men dette veit me ikkje i skrivande stund. Du har tre fylgjande val om kva du vil gjera: 1) Billetten vert godkjend som huskort i kveld (då treng du ikkje gjera noko, bruk han i døra på Park). 2) Dersom me får til konsert på sundag, er han gyldig då – dersom ikkje får du refundert i etterkant. 3) Du får pengane tilbake på billettkontoret om du ynskjer refundering med det same eller i løpet av helga.

Me orsakar så mykje og kjem med oppdatering dersom konserten vert sett opp att på sundag!