Vikla inn kring vossingar

Vikla inn i blått (foto: Vossa jazz/Olav Aga)
Vikla inn i blått (foto: Vossa jazz/Olav Aga)

Allereie i morgontimane byrja fansen å syne seg – merchen skulle fram og på. Og snart stimla dei saman, med retning Gamlekinoen, vel vitande om at no er her. No er han på Voss. Og medan benkeradene fyltest til randen (ikkje ein stol stod ledig), skimta me han ikkje? Var ikkje det den velkjende raspe røysta? Jo. Det var ingen tvil: Morten Svartveit var heime, han var på heimebane, og no stod han snart på scena – med sjølvaste Bob Dylan på repertoaret.

No kom ikkje Svartveit åleine. Med seg frå Det norske teatret i Oslo hadde han eit stjernekoppel av skodespelarar – eller skodespelarar og skodespelarar; «dei må jo vere sangarar», vart det kviskra mellom radene under konsertførestillinga «Vikla inn i blått». Og ikkje utan grunn: Det var mektig å høyre seksten utvalde songar av nobelprisvinnaren Dylan omsett til nynorsk, og formidla slik det vart gjort i føremiddag.

Det skal ikkje stikkast under ein stol at Svartveit svarte til forventningane. Likevel var det ikkje han, men Heidi Gjermundsen Broch, og særleg tolkinga hennar av songen «Ein kopp til med kaffi (ned i neste dal)» folk snakka høgast om, då dei etter halvannan time i kinomørkret stimla ut att i sola. «Det er det beste eg nokon gong har høyrt», laud til og med ordet kring vossingane. Ingen dårleg attest – femti år inn i Vossa jazz-historia.

Del gjerne!