Velkomen til Vossa Jazz 2022!

Det er ei stor glede å melde at «vår eigen» Sveinung Iversen har laga årets plakat. Iversen er kunstnaren som står bak alle logoane til Vossa Jazz og han har laga mykje fin Vossa Jazz-kunst tidlegare.

Den velkjende vossakunstnaren fekk utdanninga si ved Bergen Kunsthandverksskule på 70-talet, før han flytta heim att og etablerte grafikkverkstad på Voss. Her har han utforska ulike uttrykk og teknikkar, ofte innanfor papir med akvarell, teikning, djuptrykk og ulike blandingsteknikkar. Sidan han debuterte på Haustutstillinga i 1976 har han hatt ei rekke separatutstillingar og vore med på andre utstillingar i inn- og utland, og bileta hans er kjøpt inn av mange av dei viktigaste musea i landet.

Å finna nye måtar å uttrykkja seg på, er drivkrafta hans i det å skapa bilete. Han prøver heile tida å overraska seg sjølv, men det vert meir og meir vanskeleg ettersom åra går. «Eg er jo ikkje så lettlurt lenger», som han seier.

Sveinung er også mannen bak sjølvaste Vossa Jazz-logoen, som vart brukt fyrste gong i 1977!

Festivalplakaten 2022, som er teke frå eit bilete laga til festivalutstillinga, skildrar kunstnaren slik: «Springande frå noko, eller til noko, mot nord eller sør, aust eller vest i ein rastlaus kamp for tilværet.»

.

Iversen er òg årets festivalutstillar. Utstillinga er eit samarbeid med Voss Kunstlag og opnar fredag 8. april kl. 17.00 i utstillingsrommet hjå Voss kulturhus.

Del gjerne!