Vedunderlege Wunderkammer

wunderkammer_-_sigvor_mala-4-2

Wunderkammer sine austlege suggererande rytmar runda av laurdagen i stor stil! Eit fullsett Pentagon lot seg driva med av den fengjande musikken som må kallast noko slikt som balkansk popcountry. Fem glade karar og ei taus moste på med ein monsterkonsert av de sjeldne og kjapt breidde ei sveitt og lifleg stemning seg over salen. Her sveipa ein innom dei fleste dansetypar; tango i eine augneblinken ein frekk polka i neste. Etter utallige publikumsfrieri stod til slutt ingen att som veggpryd men hoppa rundt som nysleppte kalvar ein svingane vårdag! Wunderbar!

Del gjerne!