Varmt frå Opsahl og Gustavsen

img_7943

I Vangskyrkja samla Carl Petter Opsahl og Tord Gustavsen inn til ein stemningsfull og vakker konsert søndag ettermiddag. At dei sjølve nytte kvarandres soloar og musikk var tydeleg noko som hurtig smitta over på dei oppmøtte som kjapt vart involverte.

Røyrande og til tider humoristisk teikna dei med kjenslar og musikalske fargar som er blues jazz og folkemusikk verdig. Til tente stearinlys spelte dei blant anna songar frå albumet «Love the Blues».

Del gjerne!