Varm røyst og varme kjensler

Stemninga i Festsalen fredagskveld var heit og god, temperaturen i rommet steig i vêret
sidan salen vart heilt fullsett, men det var fyrst og fremst takka vere glimrande og galante Indria Rios-Moore og hennar sett med drivne musikarar.
Det er nok ei stund sidan tilhøyrarane har opplevd noko meir behageleg. Med ei røyst so mjuk som fløte ho beherska med ufatteleg ro, var det like før Indria fortrylla alle inn i draumeland medan ho framførte fleire songar frå hennar siste album Heartland.
Me fikk óg servert songar ho hugsar frå barndommen, frå mora si platesamling,
i tillegg til eigne tolkingar av David Bowie- og Johnny Hartman-låtar.

”How sweet it is to be in love”.

Me kan garantere at det ikkje var vanskelig å verte forelska i denne lekre dama med talent andre berre kan drøyme om og uslåeleg utstråling.

Del gjerne!