Variert, sjangeroverskridande og rørande

Oddrun Lilja. Foto: Vossa Jazz / Runhild Heggem
Oddrun Lilja. Foto: Vossa Jazz / Runhild Heggem

At bestillingsverket Oddrun Lilja nettopp hadde framført på årets Vossa Jazz betydde mykje for ho, var heilt tydeleg for alle i salen når applausen ikkje verka å ha ein ende tidleg laurdag kveld. Å lage eit verk som skal reflektere ei livsreise kan høyres ut som ei veldig krevande oppgåve, men i dette tilfellet gav det alle dei oppmøtte ei spesielt variert oppleving. Dette vart også tydelig i valg av musikarar, som er henta frå fleire forskjellige sjangeruttrykk: Både folkemusikk, soul, verdsmusikk og jazz var representert.

Den nevnte samansetninga av musikarar vart presentert som eit stjernelag før konserten, og dei innfridde til dei grader. Spesielt gav Beate S. Lech (Beady Belle) komposisjonane ei innleving som skulle tilseie at det var hennar eigne låtar. Samspelet og det tekniske mellom Lech og komponisten sjølv var så godt at ein kan lure på om det er det siste året, og ikkje den siste veka, dei har tilbrakt saman på Voss.

Låtane gjekk frå nesten filmatiske stemningar til reine ballader. Særleg rørande var stykket tileigna Oddrun si dotter. Det utløyste nok tårer hjå fleire enn dei som vil vedgå det. Tingingsverket for 2023 vart ein suksess frå start til slutt, og dei oppmøtte kan skryte av å ha vore publikum på akkurat denne konserten i lang tid framover.

Del gjerne!