Var voggesong til ettermiddagskvilen

ILMOI (foto: Runhild Heggheim/vossa jazz 2017)
ILMOI (foto: Runhild Heggheim/vossa jazz 2017)

Voss Sparebank opna kulturvelvet og presenterte finsk-urgisk musikalsk valuta fredag ettermiddag. Trioen i ILMOI presenterte ein potpurri av nordisk folkemusikk, og leika seg frå det vare til det vårlette og rytmisk leikande. Vokalist Anna Fält oppfordra publikum til å ta seg ein blund, og med sin mediative voggesongmedley var det lett å drøyma seg vekk. Musikarane baud og på eit aldri så lite publikumsfrieri i form av ein lokalinspirert trall. Vossamaol kling vel med eit snev av finsk tonelag!

Del gjerne!