Valkyrien Allstars kjem!

Valkyrien Allstar er her framleis – takk og pris! Dei er eit av landets desidert beste liveband, og har sidan oppstarten i 2007 vore pådrivarar og pionerar innan utviklinga av moderne, arrangert folkemusikk.


Bandet har dratt i nye retningar for kvar utgjeving, og har endt opp med eit særeige, potent og spanande uttrykk som dei ikkje deler med nokon.


På det komande albumet ‘hvordan kan man ta det rolig uten å kjede seg’ blandar dei pop og rock med norsk tradisjonsmusikk som aldri før, med strålande tekstar, energi og overraskende vendingar på ei seng av det som vanskeleg lar seg simulera: gnistrande samspel. Me gler oss stort til å sjå og høyre dei på scena i Vossasalen under årets Vossa Jazz!

Tuva Syvertsen – fele, vokal
Magnus Larsen Jr – bass
Erik Sollid – fele
Martin Langlie – trommer

Vossasalen, Park laurdag 27. mars kl. 23.59

Kjøp billettar hjå TicketCo.

Artikkel under:

Arkiv