Vakkert samspel på kulturkonferanse

Kulturkonferansen "Vakkert samspel?" Foto: Vossa Jazz/Brit Aksnes
Kulturkonferanse (Foto: Vossa Jazz/Brit Aksnes)

For ein dag å stå opp til, og for ein dag å gå på kulturhuset for konferansen «Vakkert samspel?»!

Vakkert spel kom med fyrste innslag med Ida Sofie Tolås (11 år) som framførte eit melankolsk Chopin-stykke.

Då Vossa Jazz inviterte Tankesmia KRAFT til å vera med å utvikla årets Kulturkonferanse, var ideen om å sjå på tema rundt samanhengen mellom profesjon og frivilligheit i kulturfeltet openbar og interessant. «Hvor er vel sammenhengen tydeligere enn samspillet mellom frivillighet og profesjon?»

Ei rekkje folk frå ulike kulturbransjar og ei mengde stortingspolitikarar pryda scena saman med konferansier Hilde Sandvik, som også baud på eit nydeleg stev innleiingsmessig. Debattar og ulike panel fekk bidrag frå salen med innspel i spørsmålsform og gode forslag. Smakebiten frå Oddrun Lilja og Tingingsverket hennar gav noko meirsmak og høge forventningar til morgondagens urframføring.

Og så som ei forfriskande oppdatering: Frode Grytten som både siterer tingingsverket med «Groruddalen for faen» og om å ikkje leva under ein stein og hasj, hasj, hasj. «Blir ein her lenge nok blir ein Trude Storheim» var ei linje som haust stor applaus. Det gjorde også konferansier som avrunda det heile med nok eit kort stev.

Del gjerne!