Vakker nattkonsert på Hanguren

terjeisungset

Torsdag kveld tjuvstarta Vossa Jazz med perkusjonist Terje Isungset og songar Lena Nymark i ein iskonsert under open himmel på Hanguren. Alle instrumenta Terje spela på var laga av is og stemninga var magisk då klangen av istappar breidte seg ut blant publikum.

Terje spela på istrommer ishorn og isxylofon eller isofon som han sjølv kallar det medan Lena Nymark sang. Dei framførte eit stille og melankolsk matriale komponert av Isungset sjølv. Litt humring oppstod også i publikum under dei noko underlege lydane Terje framkalla på ishornet sitt og då han litt seinare proklamerte at viss nokon trudde det var kaldt å blåse i eit ishorn så hadde dei heilt rett i det! Mange lot seg elles imponere av den fine klangen isen gav og ikkje minst basstromma sin djupe lyd. Lena sin klare song og den spesielle lyden av is gav dei om lag 200 frammøtte ein stemningsfull konsert i måneskin med lys frå vossebygda skimtande i bakgrunnen.

Del gjerne!