Bergen Big Band /m Marius Neset (Foto: Vossa Jazz/Anders Flatlandsmo)
Bergen Big Band /m Marius Neset (Foto: Vossa Jazz/Anders Flatlandsmo)

Ute ulte vinden, inne blas det

Ein fullsett gamlekino hadde søkt dekning frå vinden då Bergen Big Band med Marius Neset kom på besøk. Publikum vart møtt av ein vegg av blåseintrument i ein halvsirkel, der trompetar, trombonar, saksofonar og klarinettar spelte si rolle. I tillegg vart scena komplett med bass, piano, gitar og vibrafon.

I midten av det heile stod Marius Neset med sine sopran og alt-saksofonar, som byrja showet med nettopp å spele på begge desse saksofonane i same nummer. Med heile storbandet i ryggen, samt ein god kompis frå danmark på trommer, blåste Marius Neset publikum over ende i den elles so lune Gamlekinoen med flagrande lydane som flaut inn som vind i alle munnstykka, og kom ut av som noko ingen i salen hadde høyrd før. Ei særmerkt form for multitasking, der Marius skremde publikum med å spele ein lavmelt takt med saksofonen, for så å spele ein utrykkeleg meldodi. Publikum gav jamvel ein ståande applaus til ei av låtane. Då seier det seg sjølv at applausen for i taket, og alle reiste seg opp, då sceneteppet fòr.

Artikkel under:

Arkiv