Uredd og leiken trio

bwm_pressebilde_1_0

Dei habile musikarane er gamle kollegaer som har halde saman gått frå kvarandre for ei stund og funne kvarandre att etter ti år. I fjor relanserde dei seg sjølve med albumet ”Jazz….Øh!” og i år gjesta dei Vossa Jazz. Laurdag ettermiddag var det solid jazz å oppdrive i Osasalen.

Blomvik Moen og Williamsen er samkøyrde og samstundes i djup dialog med eigne instrument. Ved hjelp av instinkt og intuisjon skapar dei ein symbiose av tangentar strengar og cymbalar. Ikkje berre er det godt å høyre på det er ei sann fryd å følje musiseringa med augo. BWM Trio er tekniske presise og leikande i uttrykket. Dei er trygge på kvarandre og dette gjer at vi er vitne til eit visuelt vakkert samspel denne solfylde laurdagen.

Del gjerne!