Urban sound i Festsalen

Foto: Ådne Dyrnesli, VossaJazz

Ellen Andrea Wang vert omtala som eit av norsk musikk sine største talent. Ho har nyleg debutert som soloartist med albumet «Diving». Det var spente tilhøyrarar, der fleire hadde benka seg på førehand for å sikra seg dei beste plassane.

Dyktige musikarar i tangentmagikar Andreas Ulvo, trommefantast Erland Dahlen og basspelet til Ellen sjølv, bygger opp ein urban sound der den mektige røysta til Ellen kjem til sin rett. Denne trioen vil me gjerne høyre meir av ved seinare høve.

 

Del gjerne!